Opaform
reireta6.jpg

Reiret

Reiret - Ei løe i endring

Reiret - Ei løe i endring

Program: Omstillingsprosjekt
Location: Voss kommune

Reiret er ein overnattingsmodul for to personar. Reiret er eit unikt overnattingskonsept perfekt for ei romantisk helg for dei som ynskjer å vera tett på naturen, men samstundes ha komforten og standaren til eit moderne hotellrom.

 Reiret er ein overnatttingsmodul tilpassa to. Den skal tilby ein høg grad av komfort, luksus og moderne design. Målgruppa er til dømes et brudepar. Modulen vert levert i fleire delar og krev ei viss grad av stadstilpassing ved montering. Modulen kan stå på golvet i det eksisterande driftsbygget og delvis festas i takkonstruksjon. Reiret krev ingen endring av eksisterande konstruksjon.  Bad og tekjøkken vert plassert i ein eigen våtromsmodul inne i eksisterande bygg. Denne modulen vil ha eigen vanntank og intern gråvannsoppsamling, og treng ikkje tilkobling til vatn eller avløp.  Reiret skal vera tilknytta eit eige vedlikehald- og reinhaldsteam. Teamet kan f.eks. koordinerast av Destinasjon Voss. Dette vil minimere gardbrukaren sin arbeidsinnsats.

Reiret er ein overnatttingsmodul tilpassa to. Den skal tilby ein høg grad av komfort, luksus og moderne design. Målgruppa er til dømes et brudepar. Modulen vert levert i fleire delar og krev ei viss grad av stadstilpassing ved montering. Modulen kan stå på golvet i det eksisterande driftsbygget og delvis festas i takkonstruksjon. Reiret krev ingen endring av eksisterande konstruksjon.

Bad og tekjøkken vert plassert i ein eigen våtromsmodul inne i eksisterande bygg. Denne modulen vil ha eigen vanntank og intern gråvannsoppsamling, og treng ikkje tilkobling til vatn eller avløp.

Reiret skal vera tilknytta eit eige vedlikehald- og reinhaldsteam. Teamet kan f.eks. koordinerast av Destinasjon Voss. Dette vil minimere gardbrukaren sin arbeidsinnsats.

 Reiret er ein del av det større omstillingsprosjektet “Ei løe i endring”:  Modernisering og nedlegging i landbruket skapar eit stort overskot av tomme driftsbygg på gardar og i landskapet på Voss. Desse bygga representerer ein viktig del av vestnorsk byggeskikk og fortel ei historie om eit leveset som i dag vert sjeldnare og sjeldnare. Desse bygga vert ofte ståande som ei byrd for den enkelte gardbrukar både økonomisk og tidsmessig. “Ei løe i endring” ynskjer å snu perspektivet og sjå på desse tomme bygga som ein ressurs for alternativ næringsutvikling og økonomisk vekst. Ein vil slik kunne ta vare på bygningsmassen, samstundes som bøndene kan tene økonomisk på det.  Voss er den største jordbrukskommunen i Hordaland. Gardbrukaren er ein av dei viktigaste gruppene næringsdrivande i kommunen. Men det er ikkje lett å drive gard på vestlandet i dag. Avkastninga er dårleg, og mange må ha andre jobbar ved sida av for å få økonomien til å gå rundt.  Dei siste ti åra har rundt 200 bønder lagt ned drifta på Voss, og drifta er under store omleggingar. “Ei løe i endring” ynskjer å sette fokus på verdien i det arbeidet desse menneska gjer, og samstundes legge til rette for at gardbrukaren kan bruke unytta ressursar på garden til alternativ næringsutvikling. Gardbrukaren er utgangspunktet, og ein aktiv aktør i dette prosjektet.  15 gardbrukarar har danna grunnlag for utvikling av 4 konseptuelle overnattingsmodular. Kartlegging og analyse av bygningsmassen i landbruket, og reiselivets marknadsbehov, er konkretisert i designa prototypar tilpassa bygningar på aktuelle gardsbruk.  Desse prototypane vil i neste fase produserast og vidareutviklast til ferdige reiselivsprodukt og slik danna ein ny næring på gardsbruk på Voss.

Reiret er ein del av det større omstillingsprosjektet “Ei løe i endring”:

Modernisering og nedlegging i landbruket skapar eit stort overskot av tomme driftsbygg på gardar og i landskapet på Voss. Desse bygga representerer ein viktig del av vestnorsk byggeskikk og fortel ei historie om eit leveset som i dag vert sjeldnare og sjeldnare. Desse bygga vert ofte ståande som ei byrd for den enkelte gardbrukar både økonomisk og tidsmessig. “Ei løe i endring” ynskjer å snu perspektivet og sjå på desse tomme bygga som ein ressurs for alternativ næringsutvikling og økonomisk vekst. Ein vil slik kunne ta vare på bygningsmassen, samstundes som bøndene kan tene økonomisk på det.

Voss er den største jordbrukskommunen i Hordaland. Gardbrukaren er ein av dei viktigaste gruppene næringsdrivande i kommunen. Men det er ikkje lett å drive gard på vestlandet i dag. Avkastninga er dårleg, og mange må ha andre jobbar ved sida av for å få økonomien til å gå rundt.

Dei siste ti åra har rundt 200 bønder lagt ned drifta på Voss, og drifta er under store omleggingar. “Ei løe i endring” ynskjer å sette fokus på verdien i det arbeidet desse menneska gjer, og samstundes legge til rette for at gardbrukaren kan bruke unytta ressursar på garden til alternativ næringsutvikling. Gardbrukaren er utgangspunktet, og ein aktiv aktør i dette prosjektet.

15 gardbrukarar har danna grunnlag for utvikling av 4 konseptuelle overnattingsmodular. Kartlegging og analyse av bygningsmassen i landbruket, og reiselivets marknadsbehov, er konkretisert i designa prototypar tilpassa bygningar på aktuelle gardsbruk.

Desse prototypane vil i neste fase produserast og vidareutviklast til ferdige reiselivsprodukt og slik danna ein ny næring på gardsbruk på Voss.

OPA_Loe i endring_01.jpg