Opaform
DSC_0042.JPG

Nesflaten

Nesflaten

Nesflaten

Program: Leilighetsbygg
Location: Nesflaten, Suldal kommune
Ferdigstilt: Rammeløyve gitt juni 2018
Areal: ca. 900 m2

Bustadbygg på bratt branntomt med seks bueiningar over 3 etasjar + loft.

Bygget er delt inn i tre mindre volum, kvart av dei med saltak i nord-sør-retning. Ved å dela bygget inn på denne måten blir heilskapen straks meir fattbar, bygget framstår i ein menneskevenleg skala: Bygget er ikkje eit stort leilighetsbygg, men tre små hus, tett i tett. Dei tre saltaksformene er vakre sett både frå Suldalsvatnet og Sentrumsbygget, og tek veldig lite sikt frå omkringliggande bygg.

Dei integrerte uteromma i form av inntrekte balkongar, gir lys og luft til leilighetane. Balkongane gir store glasflater utan å gje innsyn - her kan ein kjenna seg ute når ein er inne - og oppholda seg inne under tak når ein faktisk er ute.

 Tomta er bratt, og ligg i eit område med massar av breelveavsetning.  Bygget er planlagt kledd med ulike variantar av malmfuru, der kvart av dei tre voluma har sitt unike uttrykk i form av ulik kledningsbreidde og spaltebreidde/skyggeverknad. Taket tekkast med listepapp. Det er tenkt små takutstikk med synlege takrenner i sink eller alu. Bygget er planlagt i tråd med eksisterande byggeskikk på Nesflaten og i Suldal, men tilfører òg noko unikt og vakkert til Nesflaten – det tradisjonelle på nytt vis – ein liten tvist som tek tradisjonen inn i vår tid.

Tomta er bratt, og ligg i eit område med massar av breelveavsetning.

Bygget er planlagt kledd med ulike variantar av malmfuru, der kvart av dei tre voluma har sitt unike uttrykk i form av ulik kledningsbreidde og spaltebreidde/skyggeverknad. Taket tekkast med listepapp. Det er tenkt små takutstikk med synlege takrenner i sink eller alu. Bygget er planlagt i tråd med eksisterande byggeskikk på Nesflaten og i Suldal, men tilfører òg noko unikt og vakkert til Nesflaten – det tradisjonelle på nytt vis – ein liten tvist som tek tradisjonen inn i vår tid.

 Saltaka gir ein fin rytme og knyter seg på dei eksisterande bygga nede på Nes.

Saltaka gir ein fin rytme og knyter seg på dei eksisterande bygga nede på Nes.

 Det er planlagt ein sti med trapp som går frå Nesflotvegen og opp til senstrumsbygget. Dette gjer at ein får knytta Suldalsvatnet tettare til Sentrumsbygget, som er hjartet for det sosiale livet i bygda. Tiltaket utløyser krav om 50m2 leikeplass i tilknyting til bygget, denne utformast som ei leikeløype langs den nye stien, slik at den vil fungera som ein offentleg leikeplass for heile bygda, og ikkje berre for dei nye bustadane.

landskapsplan.jpg
DSC_0042.JPG