Opaform
PanoramaB3.jpg

Maurtua

Maurtua

Maurtua

Program: Ny bruk av tom løe
Location: Voss

Render:MIR

Contributors: Mari Myklebust, Ole Martin Støwer, Per Finne, Voss kommune, Destinasjon Voss/Aktiv Heile Året, Innovasjon Norge, Fylkesmannen I Hordaland, Hordaland Fylkeskommune, Regionalt Næringsfond Aurland-Vik-Voss

Maurtua er eit overnattingssystem for opp til 10 personar. Kvar person får sin overnattingskapsel. Denne kan vera open eller lukka, avhengig av sosialt behov. Kvar kapsel perforerar kledningen i løa, og ein ligg og kikkar ut i det opne landskapet.

 Maurtua er eit system bygd opp av einmannskapslar for overnatting i løa. Den er fleksibel og kan fungera for grupper opp til 10 stk. Modulane plasserast i forskjellige høgder i løa sin fasade og kvilar på en sjølvstendig konstruksjon, eit spesialutv

Maurtua er eit system bygd opp av einmannskapslar for overnatting i løa. Den er fleksibel og kan fungera for grupper opp til 10 stk. Modulane plasserast i forskjellige høgder i løa sin fasade og kvilar på en sjølvstendig konstruksjon, eit spesialutvikla stilassystem i tre. Modulane er fleksible og kan komprimerast etter behov. Hiet krev ingen endring av eksisterande bærande konstruksjon, kun kledningen. Sovekapslane skubbast ut forbi kledninga på løa når dei er i bruk. Utanfrå vil ein kunne sjå kor mange av modulane som er dytta ut og dermed kor mange som er på besøk. Modulane vil visa den aktiviserte løa.

 Når sovemodulen er i bruk dyttar ein ut ein del som vert kragande ut forbi veggen på løa. Slik vil ein kunne “sove under open himmel” utan å vera ute. Sovemodulen kan opnast inn mot løerommet på dagtid og slik skape eit sosialt rom inne i løa når de

Når sovemodulen er i bruk dyttar ein ut ein del som vert kragande ut forbi veggen på løa. Slik vil ein kunne “sove under open himmel” utan å vera ute. Sovemodulen kan opnast inn mot løerommet på dagtid og slik skape eit sosialt rom inne i løa når dette er ynskjeleg.

Maurtua kan komprimerast til eit smalt felt langs veggen av løa. Slik kan ein nytta løa til andre aktivitetar på dagtid.

OPA_Mautua_03.jpg
 Bjørka er treslaget som vert brukt i maurtua. Historisk vart bjørk brukt til verktøy, redskap og møblar. Bjørka tålar mykje trykk og slitasje. Den er homogen og slik godt egna til kilesamanføyingar, og den er formstabil ved dampebøying. Sovemodulane

Bjørka er treslaget som vert brukt i maurtua. Historisk vart bjørk brukt til verktøy, redskap og møblar. Bjørka tålar mykje trykk og slitasje. Den er homogen og slik godt egna til kilesamanføyingar, og den er formstabil ved dampebøying. Sovemodulane i maurtua er haldne oppe av eit spesialdesigna rammeverk eller stilas i bjørk.

I maurtua brukar ein ull som er vaska og stappar denne i ferdigsydde “madrasser”. Ein vil slik få futong-liknande matter som er faste men samstundes behagelege å ligge på. Den bevegelege delen ut mot løerommet vil i nedslått stilling fungere som ei lita trapp som gjer det lett å kome opp i sovemodulen.

OPA_Mautua_06.jpg